Hanneland

Test

april 29, 2008 · Kommenter innlegget

→ Legg att ein kommentar Kategoriar: Uncategorized

Filmplakat i photoshop

april 23, 2008 · Kommenter innlegget

Spindelvev

→ Legg att ein kommentar Kategoriar: Huin105

Usability analyse – www.visitbergen.com

april 22, 2008 · 3 kommentarar

Innleiing

I samband med vår prosjektoppgåve har eg vore innom www.visitbergen.com – dei offisielle reiselivssidene for Bergen på nett – for å finne informasjon om Fisketorget. Inne på sida merka eg meg visse irriterande moment. På bakgrunn av min irritasjon vil eg i mi analyse ta for meg denne nettstaden, og sjå på ulike sider ved brukarvenlegheita med utgangspunkt i prinsippa for usability som Steve Krug omtaler i boka “Don’t make me think”.

Keep reading →

→ 3 kommentararKategoriar: Huin105

Prosjektplan – Fisketorgprosjektet

april 1, 2008 · Kommenter innlegget

→ Legg att ein kommentar Kategoriar: Uncategorized

Obligatorisk oppgåve 2: Web Narrative

mars 4, 2008 · Éin kommentar

Min Web Narrative ligg her.

Eg har laga ei ni sider lang utgåve av eventyret om pannekaka, og brukt mine uslåelege paint-talent til å illustrere eventyret. Og det vart bokmål denne gongen, gitt!

Forstår framleis fint lite av kva eg driv med, men eg prøvar meg fram og ser kva som fungerer. Både xhtml og css er i alle fall validert, sjølv om eg ikkje har lagt inn valideringsmerka. Mogleg eg gjer endringar i løpet av den neste veka, til dømes vil eg gjere alle bileta like store og sidene litt meir stabile (men er framleis ikkje lur nok).  Men dette får halde for no!

→ 1 kommentarKategoriar: Huin105
Merka som: , ,

Fridom

februar 21, 2008 · Kommenter innlegget

Endeleg ferdig med oppgåva. Trudde for ein gong skuld eg skulle bli ferdig med ei oppgåve FØR midnatt, men eg klarte sjølvsagt å rote til alt når eg skulle publisere, slik at mykje forsvann. FLAKS at eg frå tidlegare er klok av skade, og hadde teke backup ca hundre tusen gongar. No er det sovetid, og så får eg gå gjennom oppgåva ein siste gong når eg ein gong vel å stå opp igjen. Er så miljøskada av sjukdom og skulearbeid denne veka at eg snart byrjar tru på det eg sjølv skriv. I morgon blir det kino og kos, og ikkje minst sosial omgang! Ah! God natt!

→ Legg att ein kommentar Kategoriar: Uncategorized

Short paper # 1

februar 21, 2008 · Kommenter innlegget

Semiotisk analyse av Kristeleg folkeparti (KrF) sine nettsider

KrF sine nettsider skiljer seg ut frå dei fleste andre norske parti i at dei ikkje har eit tydeleg gjennomgåande fargetema. På bakgrunn av dette fann eg det interessant å analysere denne nettstaden.

Keep reading →

→ Legg att ein kommentar Kategoriar: Uncategorized

Framgang

februar 20, 2008 · Kommenter innlegget

Korleis kutte vekk over 500 ord frå ei oppgåve som blir crap uten dei 500 orda?

Ser ein ende på oppgåva mi, men slit med å begrense meg. Har også problem med å koble pensum til oppgåva, då eg ikkje forstår noko av det som står i boka.

Ellers alt vel. Vi slit stadig med å finne ein artist til prosjektoppgåva vår, men reknar med det ordnar seg, helst i løpet av dei neste par dagane. Nokon må då vere desperate nok til å bli med på dette?

→ Legg att ein kommentar Kategoriar: Huin105

Tilstandsrapport #2

februar 19, 2008 · Kommenter innlegget

Har fått utsetjing på oppgåva mi til torsdag. Er heldigvis oppegåande og noko friskare, og godt i gang med oppgåva allereie.

No prøver eg å lese litt i Kress i håp om å bli smartare på kva eg driv med, men hittil har eg berre blitt forvirra. Av ein eller anna merkeleg grunn er ikkje Kress den beste medisinen mot hovudverken som har regjert hovudet mitt sidan forrige veke.

→ Legg att ein kommentar Kategoriar: Uncategorized

Tilstandsrapport

februar 16, 2008 · Kommenter innlegget

Er sjuk på tredje dagen, har to innleveringar innan tysdag og skulle ha vore på jobb i dag og dei neste to dagane. Kor lenge held eg ut før eg går i bakken med eit stort brak?

Er i alle fall i gang med den semiotiske analysen eg skal gjere av KrF sine nettsider. Får sjå kor langt eg kjem før helga er over, og eventuelt sjekke om det er mogleg å få utsetjing dersom eg ikkje skulle bli frisk snart.

Tre ganger tre hurra for å bli sjuk når det passar deg minst!

→ Legg att ein kommentar Kategoriar: Uncategorized