


Semiotisk analyse av Kristeleg folkeparti (KrF) sine nettsider
KrF sine nettsider skiljer seg ut frå dei fleste andre norske parti i at dei ikkje har eit tydeleg gjennomgåande fargetema. På bakgrunn av dette fann eg det interessant å analysere denne nettstaden.
KrF er eit sentrumsparti tufta på ein kristendemokratisk ideologi. Sjølv kallar dei seg eit “verdiparti” med sentrale verdiar som nestekjærleik, menneskeverd, mangfald og rettferd (krf.no).
På nett kan ulike modus setjast saman for å skape ein bodskap. “Modi er semiotiske ressurser som gjør det mulig å uttrykke både diskurser [temaer] og (sam)handlinger” (Kress & Van Leeuwen i Fagerjord 2006:17). Ein denotasjon er det du ser med det blotte auge. Konnotasjonar er tilleggsmeiningar, som skapast gjennom avstamming (provenance – noko som har opphav i noko anna), eller gjennom experential meaning potential, når fysiske spor av produksjonsprosessen synast i det ferdige produktet (Kress & Van Leeuwen i Fagerjord 2006:37-38). Eg vil i denne oppgåva vise korleis KrF sine nettsider er lagt opp, og ta føre meg dei ulike modus som er brukte på sida. Eg vil prøve å finne semiotiske meiningar i desse ved å sjå på konnotasjonar og avstamminga til dei brukte symbola, og vurdere korleis desse aspekta samla skaper ein ideologisk bodskap.
Layout og navigasjon
Logo og banner er plassert øverst. I menyen som strekkjer seg vertikalt over sida er dei viktigaste momenta plasserte: “Hovedside”, “Hva mener KrF om!”, “Kontakt KrF”, “Bli medlem”, “Si din mening!”, “Søk” og “Internweb”. Loddrett på venstre side er ein utfyllande meny kor ein kan lese meir om ulike tema. Navigasjonen for øvrig er enkel. Menyane held seg uendra uansett kvar du befinn deg, men sida har ingen navigasjonsvegvisarar som viser kvar du befinn deg. Klikkar du på logoen endar du alltid tilbake på framsida.
Innhaldet på framsida er delt i tre kolonner. I hovudkolonna finn ein nyhende. I kolonna lenger mot høgre kan du trykke på “Gi ditt råd til KrFs Programkomité” og kome med innspel KrF sitt politiske program. Nedanfor kjem mange små bilete med ulike tema, som ein kan trykkje på og lese meir. Desse forstår ein er dei viktigaste sakene for KrF. I kolonna lengst mot høgre finst ein “Besøk også:”-funksjon, der ein kan besøke ulike fylkeslag og stortingsrepresentantar. Under kan ein i ein avstemningsboks svare på spørsmålet “KrF vil øke pappapermen til 10 uker. Er du enig?”. Vidare ser du dei tre siste innlegga i KrF sitt debattforum og fem siste saker frå KrF i media.
Logo og banner
Logoen og banneret er viktige for førsteinntrykket. Logoen denoterer eit raudt hjarte som omfamnar bokstavane “krf”. Eit raudt hjarte er først og fremst ein konnotasjon på kjærleik, som igjen kan koplast til ein av partiet sine viktigaste verdiar, nestekjærleik. Hjartet er dessutan eit av symbola i “tru, håp og kjærleik” som har si avstamming i kristendomen. Partiet prøver truleg med dette å oppsummere sin politikk; alt kjem frå hjartet, og dei har mange hjartesaker.
Banneret på toppen av sida kan førestelle ein far, ein son og ein hund i leik. Biletet konnoterer verdiar som sunnhet, glede og kjernefamilieliv, og overfører desse verdiane til partiet. I tillegg har banneret bodskapen “Trygg oppvekst. Bedre alderdom.” som oppsummerer kva partiet står for.
Fargar
Fargerikheita er slåande, men det finst eit visst system i fargebruken. Logo, slagord og “les mer”-linkane er alle raude. Raudt er først og fremst kjærleiksfargen. I kristendommen er raudfargen også “åndens og martyriets farge, som står for ild og blod” (karmoykirken.no).
Ellers er fiolett, oransje og grønt brukt. Desse kan vere tilfeldige fargar som saman med dei fargerike bileta er nytta for å signalisere KrF som eit livleg og aktivt parti. Men fargane har også ei avstamming i kyrkja. Grønt er veksten og håpets farge, fiolett er botens farge, og oransje og raudt kan begge konnotere kjærleik. Ein kan også tillegge bruken av kvitt som bakgrunnsfarge konnotative tydingar; kvitt er lyset, gleda og reinleiken sin farge (karmoykirken.no), men det er også ein ideell bakgrunnsfarge til svart skrift, og gjer sida lesbar for alle.
Tekst og bilete
Framsida har ei grei fordeling mellom tekst og bilete. KrF har ikkje eit framståande bilete av partileiaren på framsida, men leiar Dagfinn Høybråten er avbilda i ei av nyhenda. Han står bestemt men smiler lett, og understrekar såleis at partiet tek det dei står for alvorleg, samtidig som han framstår som blid og kjærleg.
Viktige verdiar for KrF er mellom anna familien, trygg oppvekst og betre alderdom. Dei fargerike bileta av livlege små born, familier og eldre konnoterer nettopp verdiar som desse. Eg illustrerer med to døme:
Biletet “familiepolitikk” viser ein mann, ei kvinne og eit born, alle smilande. Biletet konnoterer ei lukkeleg familie, og har sitt opphav i tanken om kjernefamilien.
Det andre biletet er ein del av “Livsglede for alle”-kampanjen, og viser ein eldre mann og ein yngre gut, også dei smilande i leik, noko som kan konnotere nettopp livsglede.
Andre modi
KrF treng dine råd til nytt politisk program, og har avstemningar og ei kampanjeside der du kan fortelje kva livskvalitet er for deg. Dei byggjer sosiale nettverk gjennom debattforum, har internweb/medlemssider og importerer oppdaterte nyhende frå andre nettstader. Ellers er det ikkje gjort bruk av nyare modi som blogging, RSS feed, video/YouTube eller lydklipp.
Heilskapeleg ideologisk bodskap
KrF.no er oversiktleg og godt designa. Den kristendemokratiske ideologien lyser igjennom i alle modi. Bruk av fargar og bilete skaper saman eit inntrykk av eit kjærleg, livleg og godt parti. Sida er designa for “alle”, noko som i seg sjølv understrekar den inkluderande sida ved politikken. Sida er attraktiv for yngre, samtidig som enkeltheita ikkje skremmer vekk eldre. Alt i alt har partiet lukkast i å bruke semiotiske modi for å skape eit inntrykk av politikken dei fører.
Kjelder
Fagerjord, Anders (2006): Web-medier. Universitetsforlaget, Oslo.
Karmoykirken.no: Symboler i kirken: <http://www.karmoykirken.no/symboler.htm> [20.02.08]
Kress, Gunther & Van Leeuwen, Theo (2001): Multimodal Discourse. Hodder Arnold, New York.
Krf.no (2008): KrF sine nettsider: <www.krf.no> [20.02.08]
0 kommentarar so far ↓
There are no comments yet...Kick things off by filling out the form below.