A) KVA?
Vi vil lage ei heimeside for fisketorget i Bergen. Fisketorget har vore eit av byen sine kulturelle kjennemerker og turistattraksjonar i lang tid, og er såleis viktig å kunne finne tilstrekkeleg informasjon om , også på nett.
Det finst i dag inga nettside om dette, med unntak av mindre omtaler på turistinformasjonssider. Difor har vi ingen reelle konkurrentar; vår side vil innehalde meir/djupare informasjon enn ei beskriving og eit kart. Vi vil gå i dybda og ta for oss dagens fisketorg, historie, vegen frå havet til torget (bli med ein fiskar i båt), info om kva du kan kjøpe, samt oppskrifter, intervju, bilete og video, og linkar til andre turistattraksjonar. Vi vil også lage ein liten del om andre tilbod på torget.
B) KVEN?
Målgruppa vår er først og fremst turistar – norske og utanlandske. Vi vil profilere fisketorget som turistattraksjonen det er, og lage sida i både ei norsk og engelsk utgåve. Vi håper også å få til eit samandrag av sida på tysk.
Vi vil prøve å få turistinformasjonen til å bruke sida i sitt arbeid med å informere turistar om byen sine tilbod. Vi vil også leggje inn bestemte søkjeord som gjer sida enkel å finne i søkemotorar, samt bruke ein passande URL, så sida er enkel å finne.
C) KORLEIS?
Gruppa består av Hanne, som likar skrive, Admir, som er kreativ, og Kristina, som er god i språk. Arbeidsdelinga på somme punkt er såleis grei. Admir har i først fått i oppgåve å finne eit passande design og lage eit utkast til korleis sida skal sjå ut. Hanne tek seg av denne delen av oppgåva, og vil seinare drive med ein del skriving av historie/fisketorget i dag og intervju. Kristina skal lage site map, og vil seinare også gjere ein del skrivearbeid.
Alle har teke del i planlegginga i oppstarten av prosjektet. Mykje av informasjonsinnhentinga vil vi gjere saman, slik vi gjorde då vi kontakta turistinformasjonen. Alle skal vere med når vi skal snakke med tilsette/ta bileter/filme, det same gjeld om vi kjem oss ut på sjøen. For øvrig vil vi prøve å dele oppgåver ut ifrå individuelle evner. Dessutan bør alle få forståing for korleis sida er bygd opp, dette er viktig for læringa i faget.
Vi held kontakt over e-post og gjennom møter på skulen, slik at alle til ei kvar tid er oppdaterte på kva resten tenkjer og driv med.
D) NÅR?
Vi vil jobbe effektivt i heile april, og håper å vere ferdig med sida rundt ei veke før tida, for å få testa den ordentleg, og for å gå gjennom den og gjere eventuelle endringar.
27.mars:
- Møte: skrive ferdig framdriftsplan
- Snakke med turistinformasjonen
- Finne stoff på universitetsbiblioteket
3.april:
- Møte med gruppa etter forelesning
- Innan dette skal Kristina skrive litt om fiskesortane + ta kontakt med Torget AS
- Hanne skal ha skrive historie og/eller litt om fisketorget i dag, og få tak i “fisketorget anbefaler – fiskehandlernes egne favorittoppskrifter” + evt andre bøker
- Admir skal ha klart designet
4.april: NB! Spør om å låne filmkamera!!
- Arbeide med prosjektet på lab: Skrive “Om oss”, åpningstider, etc
8.april:
- Bli med i fiskebåt?
- Dersom dette ikkje går, overførast arbeid for 10.april hit.
10.april:
- Vere tilstades på fisketorget: Ta bilete, filme, intervjue, finne ut om konkrete fiskesortar
Etter 10.april: Bearbeide stoffet vi har, starte publisering.
E) KJELDER:
Vi oppsøkte turistinformasjonen for hjelp. Dei hadde lite å bidra med, men ga oss ei brosjyre og henviste til Torget AS. Vi vil kontakte desse, og håper gjennom dei å få kontakt med ein fiskar som kan ta oss med på sjøen, og som kan fortelje litt meir om sine erfaringar. Dessutan reknar vi med desse kan setje oss i kontakt med nokon som har hatt med fisketorget å gjere både no og tidlegare. Vi vil gjere intervju med folk som arbeider på fisketorget, med turistar vi treff der, og kanskje med ein lokal kjendis. Kanskje vil vi også snakke med lokale innbyggjarar for å få vite meir om bergensbuarane sitt forhold til fisketorget. Vi vil bruke bibliotekarar på folkebiblioteket og universitetsbiblioteket for å finne relevant litteratur, og så må vi kontakte rettighetshavarar for stoff vi vil bruke.
0 kommentarar so far ↓
There are no comments yet...Kick things off by filling out the form below.