Innleiing
I samband med vår prosjektoppgåve har eg vore innom www.visitbergen.com – dei offisielle reiselivssidene for Bergen på nett – for å finne informasjon om Fisketorget. Inne på sida merka eg meg visse irriterande moment. På bakgrunn av min irritasjon vil eg i mi analyse ta for meg denne nettstaden, og sjå på ulike sider ved brukarvenlegheita med utgangspunkt i prinsippa for usability som Steve Krug omtaler i boka “Don’t make me think”.
Krug (2006) sitt enkle overordna prinsipp er som tittelen på boka: “Don’t make me think”. Ei nettside skal ideelt sett ikkje tvinge deg til å tenkje, men ha ei viss grad av sjølvforklaring, såpass at alle kan klare å bruke den. Eg bør altså kunne entre visitbergen og seie “Aha, dette er ei side med turistinformasjon om Bergen!” og vidare klare å navigere meg rundt på sidene akkurat slik eg ynskjer utan å stille spørsmål som “kva?”, “kvifor?” eller “korleis?”. I denne analysa vil eg vurdere visitbergen i lys av dette, og kome med forslag til korleis ein kan ordne opp i eventuelle feil og manglar. Eg vil gje døme på ulike case som kan oppstå ved bruk av sida, før eg til slutt oppsummerer det heilskapelege inntrykket sida skaper.
Førsteinntrykket
“Kva er dette for slags side?” er eit spørsmål som bør unngås. Er du inne på sida har du truleg registrert URLen; “visitbergen” er rimeleg oppklarande. I tillegg står det skrive “BERGEN” med store bokstavar i banneret. Du vil besøke Bergen, og ynskjer å finne ut kva du kan gjere der, kor du kan bu, eller hente generell informasjon; at du er på riktig side er tydeleg.
På startsida har ein stort sett benytta seg av konvensjonane for korleis ein nettstad bør sjå ut, med logo og banner på toppen, hovudmeny til venstre, nyhende i midten og annonsar og linkar til høgre. Dette gjer det enklare for brukaren å scanne seg gjennom sida, noko som ikkje er uvanleg (Krug 2006:34). Samtidig er framsida prega av mykje stoff og mange fargar. Dette er i grenseland til det Krug kallar “visual noise” (Krug 2006:38). Også når det gjeld Krug sitt prinsipp “omit needless words” har visitbergen noko å jobbe med. Framsida er prega av store mengder nyhende datert tilbake til 9.november 2007. Ein kunne spart seg for unødvendig forvirring og scrolling dersom ein prioriterte å vise dei siste 3-5 nyhenda, og plasserte resten i arkivet. I tillegg er nyhenda gamle (siste var per 21.04 publisert 23.02) og somme er utgått på dato. Her trengst både opprydding og oppdatering.
Navigasjon
Den tungvinte navigasjonen (i Firefox, vel å merke; i IE fungerer navigasjonen som intendert) er slåande. Trykker du på ein av linkane i menyen, til dømes på “Kart” under “PRAKTISK INFO” får du fram ei side som stort sett er lik framsida i layout, men i ein annan farge. Vil du herifrå vidare inn på til dømes “OPPLEVELSER” må du tilbake til heimesida, fordi kategori-overskriftene ikkje er klikkbare, trass i at menyen er stabil uansett kor du befinn deg. Dette er ein mangel som kan vere avgjerande for kor vidt brukaren orkar å bruke sidene.
Det finst tre måtar å navigere attende til startsida på. Den kanskje mest openbare er å trykke på logoen. Den andre er å bruke “hjem” som står i menyen under banneret. Ein kan også trykke på “startside/nyheter” under “BERGEN INVITERER” i venstre hovudmeny. Sistnemnde er nummer 2 på lista under denne overskrifta. Denne burde også heite “hjem”, for “startside/nyheter” sår tvil om kor vidt eg vil ende opp på samme sida som dersom eg trykker på logo eller “hjem”.
Sida nyttar seg ikkje av det som kallast “breadcrumbs” (Krug 2006:76), men merkar av med oransje i menyen kor du befinn deg.
Du bør også unngå å lede brukaren bort frå sida. Under fleire av kategoriane i hovudmenyen finst det linkar til andre nettsider, noko som kan forvirre og avlede fokus.
Klikkbarhet
“I should never have to devote a millisecond of thought to whether things are clickable – or not.” skriv Krug (2006:14). Hovudmenyen til venstre er delt inn i kategoriar, og overskriftene til kvar kategori ser ut til å vere klikkbare, til dømes for å kome inn på ei eiga side for “overnatting”, “opplevelser” eller “underholdning”. Det er dei ikkje. Også overskriftene til nyhenda ser klikkbare ut – som overskrifter konvensjonelt er – men her må du må trykke “LES MER”. Overskriftene kan enkelt bli, og bør, gjerast klikkbare.
Kategorisering
Relaterte ting bør vere kategoriserte i lag (Krug 2006:32). Dette er gjort i stor grad, men somme avvik finst. Under “BERGEN INVITERER” er eit mylder av ulik informasjon samla. Ein har like gjerne laga ein eigen kategori der ein har samla alt som ikkje passar inn under ein av dei andre kategoriane.
Case #1: Eg er ein utanlandsk turist som vil lese sida på engelsk:
På ein nettstad for turistinformasjon er det viktig å ha tilgjengeleg informasjon på andre språk, og at det er lett for framandspråklege å finne fram til funksjonen for språkendring. Visitbergen har norsk som standard, medan du kan endre til engelsk (og vidare frå engelsk finn du plutseleg linkar til kortversjon av sida på tysk, fransk, italiensk og spansk). Eit norsk og eit engelsk flagg er plassert øvst til høgre i banneret. Desse ser ut som ein del av biletet, og kan vere vanskelege å registrere. Flagga kunne enkelt vore plasserte til høgre for banneret, og såleis vore lettare å finne. Er du på den engelske versjonen av sida virkar ikkje dei seks nederste punkta i hovudmenyen – ein frustrerande mangel.
Case #2: Eg vil reise til Bergen i sommar, og lurer på om det skjer noko spesielt i sommarmånadene:
Her er eg litt usikker på kor eg skal starte. Eg prøver meg først på den enklaste løysinga: søk. Eg brukar søkeord “sommer”, men resultata er dårlege, og gir meg berre ei oversikt over stort sett alle museum, festivalar og overnattingsstader i Bergen, utan relevans for det eg er ute etter. Eg går attende til heimesida, og ser over nyhenda. Her får eg ei grei oversikt over dei store konsertane som arrangerast i byen i sommar. Vidare prøver eg “Festivaler/Faste begivenheter” under “UNDERHOLDNING” i venstre meny. Her inne får eg ei kronologisk oversikt over festivalar etc., og kan fastslå at eg kan få med meg festspela, torgdag, Griegfestival, gitarfestival, Tall Ships Race og mykje anna. Eg finn altså til slutt informasjonen eg er ute etter, men det tok litt tid å bestemme kvar eg skulle leite for å finne den.
Oppsummering/Heilskapeleg vurdering
www.visitbergen.com fungerer greit som ei samleside for all informasjon besøkande måtte ynskje seg om Bergen. Nettstaden sitt innhald er det ikkje noko å utsette på – den har alt, og kanskje enda litt til. Den har samtidig ein del kritikkverdige moment som kan trekkje ned, og i verste fall skremme vekk besøkande – om ikkje navigasjonen allereie har leda deg ut frå sida.
Dersom du ikkje finn det du er ute etter, eller har problem med å forstå sida og innhaldet, er vegen ut kort. Konkurransen er ofte berre eitt klikk unna. I mitt tilfelle har ikkje www.visitbergen.com reell konkurranse. Kanskje er dette ein gyllen moglegheit til at nokon bør skape det?
Kjelder:
Krug, Steve (2006): Don’t make me think. New Riders Publishing, Berkeley (CA).
3 svar so far ↓
johnivar // april 30, 2008 kl. 1:51 pm |
Stemmer veldig bra med det inntrykket eg også har av nettsida. Når det gjeld engelsk vs norsk så la du kanskje merke til at dei har litt annleis presentasjon av stoff. Det kjem av at dei tenke at nordmenn har andre behov for informasjon enn utanlandske. Dvs. at utanlandske treng meir presentasjon av bergen som by og slikt, som ikkje nordmenn vil vere så interessert i..
Kan legge ut oppgåva mi på bloggen min når eg er ferdig, så kan du kikke på den om du vil:)
Jio
Anders Waage Nilsen // juni 25, 2009 kl. 5:29 pm |
Hei. Bergen har relansert sine nettsider, basert på en ny regional fellesplattform for offisielle reiselivssider. Jeg har vært ansvarlig for arbeidet, som er komplekst og krevende, med mange problemstillinger behind the scene. Salige Steve Krug har vært med oss i remaking-prosessen. Du har gode analyser av den gamle siten, kanskje du mener noe om den reviderte utgaven også?
hannnne // juni 25, 2009 kl. 8:15 pm |
Hei! No har eg klikka meg litt rundt på sida, og det ser ut som alt eg påpeikte då eg skreiv analysa er blitt ordna opp i. Utan å ha meir enn 15 studiepoeng i webdesign, tør eg å seie at arbeidet verkar veldig bra!
Ein ting eg ser for meg er vanskeleg med ei slik nettside, er å halde informasjonen om dei ulike attraksjonane oppdatert (og riktig). No har eg ikkje sett på anna enn Akvariet i Bergen (kor eg sjølv har solgt billettar i over 2 år), men her er i alle fall “Daglige begivenheter” og prisar dels ukorrekte. Slike småfeil skaper gjerne frustrasjon både hjå besøkande og oss bak disken. Eg veit ikkje kor masse arbeid som må til for å halde denne typen informasjon oppdatert, og har heller ikkje sett nok til å vite om dette gjeld andre attraksjonar enn Akvariet, men eg berre nemner det eg:)