Hanneland

Innlegg kategoriserte som ‘Uncategorized’

Test

april 29, 2008 · Kommenter innlegget

Kategoriar: Uncategorized

Prosjektplan – Fisketorgprosjektet

april 1, 2008 · Kommenter innlegget

Kategoriar: Uncategorized

Fridom

februar 21, 2008 · Kommenter innlegget

Endeleg ferdig med oppgåva. Trudde for ein gong skuld eg skulle bli ferdig med ei oppgåve FØR midnatt, men eg klarte sjølvsagt å rote til alt når eg skulle publisere, slik at mykje forsvann. FLAKS at eg frå tidlegare er klok av skade, og hadde teke backup ca hundre tusen gongar. No er det sovetid, og så får eg gå gjennom oppgåva ein siste gong når eg ein gong vel å stå opp igjen. Er så miljøskada av sjukdom og skulearbeid denne veka at eg snart byrjar tru på det eg sjølv skriv. I morgon blir det kino og kos, og ikkje minst sosial omgang! Ah! God natt!

Kategoriar: Uncategorized

Short paper # 1

februar 21, 2008 · Kommenter innlegget

Semiotisk analyse av Kristeleg folkeparti (KrF) sine nettsider

KrF sine nettsider skiljer seg ut frå dei fleste andre norske parti i at dei ikkje har eit tydeleg gjennomgåande fargetema. På bakgrunn av dette fann eg det interessant å analysere denne nettstaden.

(meir …)

Kategoriar: Uncategorized

Tilstandsrapport #2

februar 19, 2008 · Kommenter innlegget

Har fått utsetjing på oppgåva mi til torsdag. Er heldigvis oppegåande og noko friskare, og godt i gang med oppgåva allereie.

No prøver eg å lese litt i Kress i håp om å bli smartare på kva eg driv med, men hittil har eg berre blitt forvirra. Av ein eller anna merkeleg grunn er ikkje Kress den beste medisinen mot hovudverken som har regjert hovudet mitt sidan forrige veke.

Kategoriar: Uncategorized

Tilstandsrapport

februar 16, 2008 · Kommenter innlegget

Er sjuk på tredje dagen, har to innleveringar innan tysdag og skulle ha vore på jobb i dag og dei neste to dagane. Kor lenge held eg ut før eg går i bakken med eit stort brak?

Er i alle fall i gang med den semiotiske analysen eg skal gjere av KrF sine nettsider. Får sjå kor langt eg kjem før helga er over, og eventuelt sjekke om det er mogleg å få utsetjing dersom eg ikkje skulle bli frisk snart.

Tre ganger tre hurra for å bli sjuk når det passar deg minst!

Kategoriar: Uncategorized

Prosjektstart

februar 14, 2008 · Kommenter innlegget

Då er vi i gang med hovudprosjektet i Huin105. Admir, Kristina og eg hadde første møte etter forelesning i dag, og var inne på mange idear, mellom anna ei oversikt over badeplassar i Bergen, ei side for Kristina sitt kor, og ei side for besøkstenesta til Røde Kors. Men til slutt enda vi opp med ideen om å lage ei heimeside for ein artist/band/kunstnar i Bergen, og arbeidet med å finne ein kandidat til dette er i gang. No må vi bruke kontaktene våre, og lage ei oversikt over moglege alternativ, før vi om ei veke skal bestemme oss for kven vi vil lage sida for.

Vi har laga ei liste over kva innhald vi vil ha med, men her kjem det sjølvsagt mykje an på kven vi skal omtale på sida. I alle fall er vi allereie, etter berre ein times arbeid, godt i gang med planlegginga. Håper vi finn ein fantastisk artist slik at prosjektet blir kjekt å jobbe med!

Kategoriar: Uncategorized