Hanneland

Prosjektstart

februar 14, 2008 · Kommenter innlegget

Då er vi i gang med hovudprosjektet i Huin105. Admir, Kristina og eg hadde første møte etter forelesning i dag, og var inne på mange idear, mellom anna ei oversikt over badeplassar i Bergen, ei side for Kristina sitt kor, og ei side for besøkstenesta til Røde Kors. Men til slutt enda vi opp med ideen om å lage ei heimeside for ein artist/band/kunstnar i Bergen, og arbeidet med å finne ein kandidat til dette er i gang. No må vi bruke kontaktene våre, og lage ei oversikt over moglege alternativ, før vi om ei veke skal bestemme oss for kven vi vil lage sida for.

Vi har laga ei liste over kva innhald vi vil ha med, men her kjem det sjølvsagt mykje an på kven vi skal omtale på sida. I alle fall er vi allereie, etter berre ein times arbeid, godt i gang med planlegginga. Håper vi finn ein fantastisk artist slik at prosjektet blir kjekt å jobbe med!

→ Legg att ein kommentar Kategoriar: Uncategorized

Dikt med ekstern CSS

februar 13, 2008 · Kommenter innlegget

No er diktet mitt med ekstern CSS ute. Har slite litt med å få ting til å fungere slik dei skal, og endte opp med å fjerne ein del av det eg hadde lagt inn då det ikkje ville bli godkjent av validatoren. Får prøve å finne ut av dette seinare tenkjer eg.

Uansett, den nye og vakre utgåva ser du HER.

→ Legg att ein kommentar Kategoriar: Huin105

Å så stolt

januar 28, 2008 · Kommenter innlegget

Oh yes, eg klarte det!

HER finn du diktet mitt.

→ Legg att ein kommentar Kategoriar: Huin105

La oss danse til Joy Division

januar 28, 2008 · Kommenter innlegget

No nærmar eg meg ein ende på diktsida mi. Må berre opparbeide meg nok intelligens til å publisere sida før du får sjå den. I mellomtida får du kose deg med denne:

→ Legg att ein kommentar Kategoriar: Huin105

Poesi

januar 25, 2008 · Kommenter innlegget

Retorikklesing og bileteanalyse kombinert med vin i går kveld var blant årsakene til at eg aldri kom meg på seminar i HUIN105 i dag klokka 10. Tek det likevel ikkje som eit nederlag, eg har då vore meir på skule dei siste to vekene enn eg var til saman heile siste semester!

Vi har no fått ei obligatorisk oppgåve der vi skal presentere eit lite dikt i xhtml. Eg er heller lite interessert i poesi, men er no på jakt etter eit eg kanskje kan få meg sjølv til å like. (Truleg vil eg plukke ut eit vilkårleg dikt etter “elle melle”-metoden..)

Forslag til dikt takast imot med stor takk!

→ Legg att ein kommentar Kategoriar: Huin105
Merka som: ,

Første forsøk

januar 18, 2008 · Kommenter innlegget

Ok, så får ein hive seg ut i det, og prøve å få notatane til å gje meining.

Torsdag 17. januar hadde vi vår andre forelesning. Etter å ha lese vekas pensum var det noko lettare å følgje med denne gongen enn det var på første forelesning tysdag, men som sagt, mange nye og skumle bokstavkombinasjonar å forholde seg til. Eg gjer eit forsøk på ei oppsummering:

Protokollar var eit viktig stikkord. Protokollar er kort oppsummert algoritmer for kommunikasjon mellom maskiner i eit nettverk. Vidare er ein algoritme ein regel for korleis noko skal foregå. Denne regelen er ein programvare.

Den første protokollen vi vart kjend med var http (Hypertext Transfer Protocol). Dette er eit sett med reglar for overføring av filer; tekst, grafikk, bilder, lyd og video, altså kommuniserer http mellom klient og webtenar. TCP (Transfer Control Protocol) og IP (Internet Protocol) er på ei anna side protokollar for kommunikasjon i nettverk. IP er eit navndeaddresseringssystem (host name/domain name system), og kan vere privat eller offentleg. Vidare er FTP (File Transmission Protocol) ein protokoll for filoverføring, SFTP er eit protokoll for sikker filoverføring, og mailto/SMTP (Simple Mail Tranfer Protocol) treng truleg ikkje vidare beskriving.

No håpar eg nokon klarer å setje saman denne vesle mengda med informasjon til noko som gir meining. Viss ikkje kan eg trøyste med at det gjer i alle fall ikkje eg. Foreløbig. Heldigvis er det enda januar, og som mi mor seier: “Du kan ikkje vere best i alt!” Alt til si tid. Ha ein fin dag!

→ Legg att ein kommentar Kategoriar: Huin105

Hei og hopp!

januar 18, 2008 · Kommenter innlegget

Velkommen til min blogg i Huin105! Denne bloggen er oppretta for å legge ut oppgåver av ulike slag, så her kjem det mykje spennande stoff, kan du tru! Til alle si store glede vil alt eg skriv vere på nynorsk (the language of communication).

Dersom du ikkje allereie har forstått det, heiter eg Hanne, og studerer ved Universitetet i Bergen. Her har eg halde til i snart 3 år, og nærmar meg slutten på min bachelorgrad i medievitenskap, der Huin105 er eit ledd i mine 60 frie studiepoeng.

No burde eg skrive noko meiningsfullt fagleg relatert stoff, men det er framleis tidleg i semesteret, og for ein datateknisk nybegynnar som meg er det ikkje alltid like lett. I mellomtida får de kose dykk med å lese min andre blogg som ligg her.

→ Legg att ein kommentar Kategoriar: Huin105